Beijing si historie

Framstilling av Den forbodne byen i Beijing frå 1400-talet.

Beijing si historie går over 3000 år tilbake.[1][2] Før Kina blei sameint under den første keisaren (Qin Shi Huang) i 221 fvt., hadde Beijing vore hovudstad for statane Ji og Yan gjennom fleire hundreår. I dei første tusenåra av det kinesiske keisarriket var Beijing ein provinsby i Nord-Kina. Han fekk ei viktigare stilling på 900- til 1200-talet, då dei nomadiske khitanarane og skogbuande jurtsjenarane frå utsida av Den kinesiske muren trengde sørover og gjorde byen til hovudstad for sine dynasti, Liao og Jin. Då Kublai Khan gjorde byen under namnet Dadu til hovudstad for det mongol-styrte Yuan-dynastiet (1279–1368) blei heile Kina styrt frå Beijing for første gong. Frå 1279 av, bortsett frå tidsromma 1368-1420 og 1928-1949, blei Beijing verande kinesisk hovudstad. Han var sete for Ming-dynastiet (1421–1644), det mandsjuiske Qing-dynastiet (1644–1912), den tidlege Republikken Kina (1912–1928) og den noverande Folkerepublikken Kina (frå 1949).

  1. Steve Luck (22. oktober 1998). Oxford's American Desk Encyclopedia. Oxford University Press US. s. 89. ISBN 0-19-521465-X. «A settlement since c. 1000 BC, Beijing served as China's capital from 1421 to 1911.» 
  2. Ashok K. Dutt (1994). The Asian city: processes of development, characteristics, and planning. Springer. s. 41. ISBN 0-7923-3135-4. «Beijing is the quintessential example of traditional Chinese city. Beijing's earliest period of recorded settlement dates back to about 1045 BC.» 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne